Torleif var glad i heimbygda si. Turane til Rosendal viktig var for han. På Vang var det alltid ting som måtte reparerast– ofte saman med broren Edvin.
Nokre av høgdepunkta for han, var å ha ein god prat med vener, slekt og kjende i bygda.
På Bjørke hadde mor mi, Solveig, (søster til mor hans) eit nært vennskap med Torleif. Ho brukte heile sitt liv berre ordet «gutane» når ho omtalte Torleif og Edvin. «Når kjem gutane heim i år» var et standard spørsmål kvar sumar.
Eg minnast ein gong Torleif kom inn på kjøkkenet på Bjørke og fortalte mor at han no skulle gifta seg inn i ei av dei største slektene i Noreg. Uttrykket i mi mors ansikt kan ikkje beskrivast med ord. Dette er et godt eksempel på Torleif sin lune og fine humor.
Torleif var lett og koma i kontakt med og var alltid interessert i å høyra korleis folk hadde det. Vi kommer til å savne Torleif sine besøk i Rosendal.
Eg lyser fred over minnet hans.
Toralf
Kjære Torleif.
Det var ei glede å få bli kjent med deg, og du var lett å bli glad i. Takk for historier frå gamle dager, om deg,far og onkelen min. Takk for fine stunder i hagen på Vang og heime hos oss.
Skal passe på huset og hagen din,som eg lova.
Du vil bli sakna.
Varme tankar til familien.