Takk for mange fine år på Lovisenberg
Arnold Berstad, til minne.
Arnold Berstad, min jamnaldring og beste barndoms-kammerat, doktor og professor, har enda livsferda si.
Arnold og eg vaks opp i lag. Vi var naboar, knapt 100m mellom heimane våre. Vi vart begge fødde første krigsåret, 1940, og Arnold vart 80 år i juni 2020.
Vi gjekk sju år i lag i skule på Dispen. Vi var beste vener, konkurrerte både på ski og skeiser, og, ikkje minst på skulen, og då helst i rekning. Om sommarane fiska vi mykje ilag, både i hølane oppe i Rjupeelva, og nede i elveosen. Vi sette ut line og fekk både røye, ørret og ål, kjekke og triveleg stunder som sit godt i minnet.
Vi vart begge konfirmerte i Oppstryn kyrkje hausten 1954.
Så vart det 2 år i lag på realskule i Stryn med Sjur Skare som rektor, ein god skule for oss begge.
Arnold og eg var begge odelsgutar på kvar vår gard på Meland. Arnold bestemte seg tidleg for ei høgare utdanning. Så for han vart det Firda Gymnas på Sandane og seinare Oslo og universitetutdanning. Men Arnold gløymde aldri kvar han kom ifrå, så både påske- og sommar-feriane tok han oftast ilag med familien sin heime på Meland, og då kombinert med høyslått og anna gardsarbeid. Eg kan vel trygt seie at vi har hatt god kontakt, sjølv om vi det meste av året budde langt frå kvarandre. Ekstra kjekt er det og at borna våre og Arnold og Tove sine, alle no for lengst vaksne, har god kontakt med kvarandre.
Arnold har alltid vore frisk, sprek og glad i friluftsliv og likte seg godt, spesielt i skiløypene,
heilt til han vart ein såkalla aldrande mann. Så det kom både brått og uventa på oss no sist haust å få vite at han var alvårleg sjuk.
Og no, på nyttårsafta 2020, kom den triste beskjeda at Arnold har enda livsferda si.
Våre tankar går no til Tove, borna og borneborna.
Takk for godt venskap og naboskap og fred over dei gode minna vi har etter Arnold.
Johan Meland.
Minneord Arnold
Ved tyskernes invasjon i Norge den 09. april 1940 var mor gravid med Arnold. Far blei då mobilisert til militæret, og han måtte reise til Voss for å bli soldat. Den 10. juni kapitulerte
dei norske styrkane. Far og to andre stryningar måtte ta seg heim på eiga hand frå Måløy, og dette blei ei strabasiøs og farleg ferd. Dette må ha vore ein vanskeleg periode for mine
foreldre. Arnold blei født den 18. juni, og blei nok født inn i ei kaotisk og utrygg verd.
Som eldst i ein stor søskenflokk, og med ein far som var reisande og sjeldan heime, fekk Arnold tidleg i oppveksten stort ansvar i heimen. Han måtte passe på sine søsken og delta i arbeidet på gardsbruket. Dette ansvaret følgde han opp i forhold til sine søsken også vidare i livet. Han viste stor omtanke og følgde med oss, og hadde god kontakt med oss alle heile livet. Dette har nok hjelpt til at søskenflokken har holdt så godt saman gjennom alle desse åra.
Arnold lærde seg i oppveksten disiplin og struktur i arbeidet når det gjaldt dei mange arbeidsoppgavene på garden, og denne disiplinen vidareførte han i høve til skulearbeid og
vidare utdanning. Han var veldig fokusert, systematisk og grundig i alt han gjorde. Han fekk gode karakterer, og med eit høgt ambisjonsnivå var det ikkje overraskande at han satsa på ei akademisk karriere.
Han gjennomførte medisinerstudiet og han fekk også her gode karakterer. Han blei tidleg engasjert i forskning, og han tok doktorgraden berre 31 år gammel. Etter dette fortsatte han med sine vitenskaplege studiar i tillegg til det kliniske arbeidet. Han hadde etter kvart ein stor vitenskapleg produksjon, og i stillinga som professor fekk han lede forskningsprosjekt ved å vere veileder for ei rekke doktorander.
Spesielt her fekk Arnold vist sine evner. Han var veldig kreativ og med stadig nye idear. Han hadde stor evne til å vere strukturert og målbevisst ved gjennomføring av vitenskaplege arbeider. Eg har ikkje oversikt over kor mange doktorander som han var veileder for, men det var i allefall imponerande mange.
Forskninga til Arnold fekk intenasjonal anerkjennelse, og mest kjend vart han da han transplanterte flora med tarmbakteriar frå ein frisk person til ein person som hadde
mageproblemer, og som så blei frisk.
Arnold fortsatte med legeyrket og forskningen langt inn i pensjonisttida, og han opplevde det som frustrerande fordi han var engasjert i forskningsprosjekter som han ikkje fekk
gjennomført pga. sjukdom det siste året.
Med takk for alt du har betydd for oss søsken!
Vi vil sakne deg sårt, Arnold.
Din bror Jan
En av de store i norsk Gastroenterologi er dessverre borte, men vi minnes deg med stor glede og takknemlighet.
Takk for mange kjekke samvær, Arnold
Takk for inspirerende samarbeid, fine samtaler og godt vennskap!
Takk for mange minnerike fine år på Lovisenberg
Kjære Arnold
Takk for all inspirasjon og rettleiing, og for mange gode minne!
Kvil i fred.
Ei siste helsing frå Kristine Lillestøl
Ei siste helsing frå Olav og Grete
En siste hilsen
Fra Oddrun og Stian
Kvil i fred. Ei siste helsing frå søskenbarna frå Berstad med familiar. Oda, Margun og Arne.
Kondolerer til Tove m/ familie!
Takk for gode minner.
Helsing frå
Jostein, Kristine, Monrad og Svein Elde m/ familier