Arnold Berstad, til minne.
Arnold Berstad, min jamnaldring og beste barndoms-kammerat, doktor og professor, har enda livsferda si.
Arnold og eg vaks opp i lag. Vi var naboar, knapt 100m mellom heimane våre. Vi vart begge fødde første krigsåret, 1940, og Arnold vart 80 år i juni 2020.
Vi gjekk sju år i lag i skule på Dispen. Vi var beste vener, konkurrerte både på ski og skeiser, og, ikkje minst på skulen, og då helst i rekning. Om sommarane fiska vi mykje ilag, både i hølane oppe i Rjupeelva, og nede i elveosen. Vi sette ut line og fekk både røye, ørret og ål, kjekke og triveleg stunder som sit godt i minnet.
Vi vart begge konfirmerte i Oppstryn kyrkje hausten 1954.
Så vart det 2 år i lag på realskule i Stryn med Sjur Skare som rektor, ein god skule for oss begge.
Arnold og eg var begge odelsgutar på kvar vår gard på Meland. Arnold bestemte seg tidleg for ei høgare utdanning. Så for han vart det Firda Gymnas på Sandane og seinare Oslo og universitetutdanning. Men Arnold gløymde aldri kvar han kom ifrå, så både påske- og sommar-feriane tok han oftast ilag med familien sin heime på Meland, og då kombinert med høyslått og anna gardsarbeid. Eg kan vel trygt seie at vi har hatt god kontakt, sjølv om vi det meste av året budde langt frå kvarandre. Ekstra kjekt er det og at borna våre og Arnold og Tove sine, alle no for lengst vaksne, har god kontakt med kvarandre.
Arnold har alltid vore frisk, sprek og glad i friluftsliv og likte seg godt, spesielt i skiløypene,
heilt til han vart ein såkalla aldrande mann. Så det kom både brått og uventa på oss no sist haust å få vite at han var alvårleg sjuk.
Og no, på nyttårsafta 2020, kom den triste beskjeda at Arnold har enda livsferda si.
Våre tankar går no til Tove, borna og borneborna.
Takk for godt venskap og naboskap og fred over dei gode minna vi har etter Arnold.
Johan Meland.
Vis mer
Vis mindre