Ei strevsam, varm og omsorgsfull mor, bestemor, oldemor, svigermor, tante og grandtante er borte. Eg hugsar tante Ragna heilt frå ho var ung, med det store smilet, den glade latteren, den fine sangstemma, nett og rask i snunaden.
Eg er takksam for mange trivelege samvær, både under Blåbergo, burti Huse og i andre samanhengar, og for godt naboskap på Prestgardsjordet. Ho hadde omtanke for så mange; og var - iallfall medan ho var frisk og rørig, alltid opptatt av å ha noko i hendene. Då eg fekk eigne barn og barnebarn, så hadde ho jamen tid, omtanke og tiltak nok til å strikke plagg til dei også - endå ho hadde mange nok i eigen familie...
Eit langt og innhaldsrikt liv, med varme og omsorg for mange er over. Takk for alle gode minne!
Takk for alt du var for oss, snille, gode bestemor og oldemor. ✨ Aldri klaga du og aldri kom du med et vondt ord om noen. Det er beundringsverdig og noe flere av oss kan tenke over i ny og ned.
Ullteppet ditt henger så fint over sofaen her og minner oss om deg hver eneste dag. ❤️
Vi sees igjen
Kjære Bestemor
Takk for den du var for oss. Du vil bli hugsa for positiviteten sjølv. Eit godt og varmt hjerte har slutta og slå, men me vil ta vare på alle gode minnene om deg. Ein bauta og forbilde på å være godhjerta og arbeidsom.❤️
Kjære bestemor/oldermor
Himmelen har fått ei ny flott stjerne! Takk for at du fulgte oss så langt. God tur på din neste reise. Du vil alltid være med oss, og du skal sjå me møtes igjen. Kvil i fred! Klem fra Tuva, Torjus, Tarjei, Rønnaug og Eivind