Informasjon

Ambjørg Marie Breiehagen

  • 15.10.1930 - 16.05.2018

Minnetale Ambjørg Breiehagen

Vi vil rette en takk til alle som er møtt opp for å ta avskjed med mamma. I dag skal vi ta eit endeleg farvel. Detta har me grua oss til, sjøl om me visste det måtte koma. Men ein er aldri godt nok forberedt. Dagen i dag er både trist og vemodig, men inneheld også glede, for no veit vi at mamma har det godt. I denne minnetalen vil vi gi nokre glimt fra livet hennes: Mamma vart født i Gullhagen 15.oktober 1930. Foreldre var Ingrid og Torleif Gullhagen og ho vaks opp i ein god, ressurssterk heim, der dei snakka til kvarandre i ein mild og vennlig tone. Det var alltid ein lun stemning i Gullhagen. Ho var den yngste av 5 søsken. Dei eldste hadde brøyta vegen, så mamma hadde det nok litt enklare og friare. Mamma hadde ein god barndom, der ho hadde god kontakt med besteforeldra som budde i Gullhagen og slekta ellers som ofte møttes der. Ho var svært glad i bestefaren sin, Hermann Gullhagen. Ho fortalde at ho som barn, var litt urolig, som var høgt og lågt, og det gikk hardt utover kleda. Det enda ofte med høl i buksebaken. Storesøster Guri var heldigvis ein mester med symaskina, så ho både reparerte og sydde om gamle klær og laga nye fine kjolar til mamma. Ho opplevde også krigen og med det mangel på mange nødvendigheter. Ho fortalte at ho ofte hadde for små sko, fordi føtene vaks fort i den alderen ho var og sko var mangelvare og kvaliteten så dårleg, at når det regna gikk skoa i oppløsning. Ho fortalde også om ulovleg radiolytting i låven og andre litt skumle episoder. I Gullhagen var det god tilgang på mat, dei var svært gjestfrie og ingen gikk sultne derifra! Som jente var ho kvar sommar på stølen på Kråkhamar og der måtte ho arbeide hardt.Mjølking, henting av kyr og alt som høyrde stølslivet til. Men det var også små pauser, der dei kunne leike med dei andre ungane og blant anna så bada dei i Lya, der lærde ho seg også å svømme. Ho fortalte ofte om episoder derifrå og hadde svært mange gode minner frå Kråkhamar. Skoletida hadde ho på Sando skule. Der likte ho seg godt og ho fekk fleire gode venninner frå Satakroken. Ho gikk videre på framhaldsskule,og seinare,i 1947, gikk ho på folkehøgskule på Leira i Valdres. Der delte ho rom med ei anna jente frå Ål, Tull Noss , som var søskenbarnet til pappa og dei hadde mange opplevelser og mykje moro sammen. Dei utvikla eit godt og livslangt vennskap. 1949 drog ho og Tull til Stockholm for å sjå ein landskamp mellom Norge og Sverige. Dei reiste med buss, i regi av avholdslaget på Ål. Men damene syns det var så fint i Stockholm og det var massevis av varer og mat, så dei bråbestemte seg for å bli att. Dei søkte på arbeid og fekk raskt jobb som stuepiker på Runeborg, internatet til dei norske ingeniør-studentane i Stockholm. Der hadde dei ei fin tid, med tilgang på varer og goder, som var rasjonert i Norge etter krigen. Sukker, sjokolade, frukt, fine kjolestoff og ikkje minst nylonstrømper. Ho var attende og besøkte Runeborg sammen med Anne og Sissel for nokre år sidan. Etter eit opphold heime, gikk turen til Oslo og ho utdanna seg til barnepleier på Små Barns Vel. Det likte ho seg godt og ho fekk eit nært forhold til desse borna. Dette var barnehjem for bl.a krigsbarn, som skulle adopteres bort. Mange skjebner der. Mamma dreiv ein periode barneparken på Sundre. Sidan ho hadde utdannelse som barnepleier, så var ho rundt og hjalp til i heimane i Ål, der det hadde vore barnefødslar. Tull sørga for at mamma vart kjent med pappa og i 1951 forlova dei seg. Det enda med giftermål februar 1952 i Oslo Domkirke, midt under vinter OL. Ho flytta opp i Breiehagen og der budde ho til 2016, då ho kom på Ål Helsesenter. Ho vart mor til fem barn: Gerd , Torgrim, Ingrid , Sissel og Anne. Det var eit hardt slag for henne når Ingrid vart påkøyrd av ein bil i juni 1970 og døydde på Rikshospitalet nokre dagar seinare. Men heime hadde ho fleire barn og arbeid på garden å ta seg av, og kunne ikkje gi seg over i sorga, ho måtte gå vidare og sjå framover, ein god eigenskap ho har hatt stor nytte av heile livet. Den gongen måtte me takle detta sjøl, det var ikkje noko hjelpeapparat som stod klart. Men denne vonde hendinga har prega familien i alle år sidan. Ei stor trøst var det då Anne kom til verden i 1973. Ambjørg fekk tre herlege barnebarn: Ole Fredrik, Maria og Thomas. Dei har vore mykje i Breiehagen opp gjennom åra og har mange gode minner om mormor. Dei fekk alltid lov å ha med venner , når dei kom på besøk og  det var til tider ganske så folksomt i heimen. Ho var bondekone i mange år, men etter hvert, så begynte ho å arbeide utanfor heimen.Ho ville tjene eigne peng. I 15 år sørga ho for at det var reint og fint i lokala til Jøli Safe i Kleivi. Eit hardt arbeid, som ga ein del helseplager. Mamma var ganske foretagsom, så i ein alder av 55 år begynte ho å ta køyretima. Bil var allerede kjøpt, så gleda var stor då ho stod med ”lappen” i handa. Nå fekk ho friheit til å koma seg rundt, når ho ville og dit ho ville. Det vart mange fine turar og utflukter på mamma og pappa. Pappa døde i mai 2010, og då vart det stille i Breiehagen, det var som ein vegg vart borte. Men etter ei stund fann mamma ny meining i tilværelsen. Ho fekk friheit til å gjera som ho sjøl ville. Ho kunne bestemme over dagen sin ,sjølv, for første gang på årevis. Ho stortrivdes i heimen sin og var svært fornøgd med kossen ho hadde det. Ho var glad i å reise, så på sine eldre dager vart det turar til Mallorca, Spania, Grand Canaria, Danmark og ikkje minst flotte turar rundt i Norge: Vesterålen,Trondheim, Bergen, Stavanger. Ho var fleire turar til i Luster i Sogn, det var himmelrike på jord, som ho sa, dit lengta ho alltid tilbake. Ho var svært glad i fjellet og sammen med hennes gode venninne Margit Ågotnes, vandra dei to med tunge ryggsekker over Sangefjellet, til stølen Dokki. Det vart 34 turar tilsaman. Der hadde dei eit fristed, langt frå hverdagens plikter og der kosa dei seg veldig med god mat og drikke og praten foran peisen varte ofte ut dei små nattetimar. Mamma var open og gjestfri, det var alltid plass til ein eller to ekstra rundt middagsbordet. Det er ikkje få måltider ho har stelt i stand til gjester og arbeidsfolk. Ho har metta mange munnar opp gjennom åra. Mamma var snill og raus, heimen vår var alltid fylt med nabobarn, som leika overalt, ho rydda opp om kvelden, utan å klaga. Ho var også ein ivrig bærplukkar, spesielt tyttebær, som me alle nytte godt av gjennom vinteren. Det kan også nevnast at ho smurte fine og gode matpakker til oss alle, heilt til vi gikk ut av gymnaset. Ho laga mat fra bunnen av, smakfullt og sunt. Mamma var politisk engasjert, ho stod til venstre og var svært opptatt av miljøvern. Ho elska å diskutere og det gikk ofte ei kule varmt rundt middagsbordet heime hjå oss. Ho las utallige bøker gjennom åra og var ein ivrig kryssordløysar. Ho fekk seg iPad på sine eldre dagar og den åpna store muligheter til å følge med i alt fra aviser, YouTube og ikkje minst Facebook, som ho hadde stor glede av. Ho dreiv også med møbeltapetsering og sliping av smykkesteiner. I dei siste åra hadde ho mykje kontakt med si gamle barndomsvenninne Ambjørg Sata. Dei snakka på telefonen kvar dag , der dei mimra, fortalte kvarandre hemmeligheter, hadde meningsutvekslinger om det som stod i Hallindølen og løyste kryssord sammen. Det var eit hardt slag for mamma, då venninna Ambjørg brått døydde for tre år sidan. Det er mykje som ikkje er nevnt her, men mamma fekk ei langt og innholdsrikt liv. Ho hadde det aller best, når me ungane var rundt henne, og til alle tider hadde ho oversikt over kor i verden me var og kva me heldt på med. Ho var veldig stolt av ungane sine og ikkje minst av barnebarna. Fra august 2016 flytta ho inn på Sjukeheimen, Tunet 2, der ho opplevde det ypperste av det norske helsevesen, fantastiske folk som er dedikerte til oppgaven å arbeide med eldre. Der hadde ho det godt og var trygg og fornøyd, hadde ingen bekymringer. Ho var veldig fornøyd og takknemlig. Lørdag 12.mai kom beskjeden frå sjukeheimen at ho var blitt verre og at vi måtte koma fort. Me søsknene var så heldig å få bli med på den siste reisa og ta del i slutten. Ho sov ein del, men høyrde alt me sa. Eit sterkt og godt minne me har tatt inn i hjarta vårt. Kjære mamma, me vil takke for alt du har gjort for oss. Ho sette seg sjølv alltid i siste rekke, for at me barna skulle ha det bra. Ho vil alltid bli husket. I dag er me fylt av stor takknemlighet og glede over mamma, og det ho har vore for oss gjennom alle år. Bedre mor kunne me ikkje hatt. ❤ Kvil i fred, mamma!!

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave