Informasjon

Einar Vindegg

  • 06.12.1928 - 06.02.2018

Minneord, Ål kyrkje 16. februar

Vi er ein stor familie og mange slektningar og venner som tek avskjed med far, Einar, i dag. Far har levd eit langt og rikt liv. Han har budd her i Ål sidan 1963 – i Plassen, huset der far og mor hadde heimen sin heilt til han han måtte flytte til sjukeheimen for eitt og eit halvt år sidan. Der har han hatt det så godt det gikk an å ha det, heilt til ein lungebetennelse i januar slo han ned. Han var fødd i 1928 og voks opp i Kvisla i Hol. Dei var fem søsken - Ola og Ingebjørg, Anna, Nils og Einar. Einar var yngst, men mellom han og Nils var det berre eitt og eit halvt år. Mor deira, Gjertrud, kom frå fjellgarden Bjørgo i Bolstadøyri som no er ein del av Voss kommune. Ho var nest eldst i ein søskenflokk på tretten, reiste til Hol for å arbeide på bygdaheimen, og møtte Pål Vindegg som òg kom frå ein stor søskenflokk. På den tida var det framleis mange herfrå som reiste til Amerika. Men Gjertrud og Pål lånte pengar og kjøpte Kaupang, eit brattlendt gardsbruk. Dei må ha hatt mykje av både pågangsmot og arbeidsglede. Dei leigde støl, først på Ustaoset og seinare i Ørterdalen. Der hadde dei kyr og geiter og tilbaud mat og overnatting for turistar og andre som tok seg fram over vidda. Slik berga dei seg gjennom trettiåra, som verkeleg var harde, og ungane lærte tidleg å arbeide og fekk mykje ansvar. Kvisla var eigen skulekrins, og det var mange ungar på gardane. Far skulle ha blitt ferdig med realskulen våren 1945. Men læraren var aktiv motstandsmann, og utpå vinteren braut undervisninga heilt saman fordi han var i heimefronten. Så om hausten reiste fleire av ungdomane i Kvisla til Elverum for å ta realskulen der. Dei hadde fått seg syklar, så heimvegen la dei over Filefjell, Aurland og Myrdal! Etter det var planen å gå på gymnas i Bergen, der han kunne bu hos onkel Sigmund og tante Borghild. Eg trur det vart for mykje lesing i dårleg lys, og han måtte avbryte etter eit år. Han tenestegjorde i Tysklandsbrigaden 1947-1948,  og ei tid var han snekker og lausarbeidar i Kvisla. Han fortalte om at han måla låvar for nokre av grannane og fekk tømmer på rot som betaling. Han utvikla ein teknikk med å balansere på stigen med ein målarkost i kvar hand så det skulle gå fort unna. Tømmeret vart til materialar til å setje i stand Lægreid, som Pål hadde fått kjøpt ved Ørteren på Hardangervidda. Så kom Koreakrigen i 1950, og Norge sendte eit mobilt feltsjukehus til fronten gjennom Røde Kors og seinare FN. Far var der eit halvt år som frivillig sjukepassar. Han bar bårer og prata med pasientane, steriliserte utstyr, raka jordgolv og skreiv heim om det han opplevde. Han var 23 år. Erfaringane frå Korea fekk han til å lure på om han skulle bli diakon eller sjukepleiar. Men han valde læraryrket, med engelsk, tysk og kristendom som sine fag. Og før det, eit år på Nansenskolen på Lillehammer saman med mor, Margit Kvelprud som han hadde møtt gjennom 4H. Han gikk lærarskolen i Oslo, gifta seg, flytta til Kvisla og var lærar i Hol og i Hovet annakvar dag («eg reiste feil stad berre ein gong!») mens han vart far til tre små barn. I 1963 opna Ål ungdomsskule, som vart arbeidsplassen hans i 30 år. Ål var ein av dei første kommunane som innførte niårig grunnskole, for det var frivillig for kommunane heilt til 1969, og det var slett ikkje like populært i alle miljø at ungane skulle gå så lenge på skulen i staden for å vere heime og gjere nytte for seg. Som lærar trur eg far var var prega av å vere tru mot prinsippa og ideala sine. Han såg problem som utfordringar, og gjorde sitt beste for å gjere rett i alle situasjonar. Men han var også ein engasjert formidlar, og drog ofte på turar med klassane sine. Det er fint å oppleve at heilt fram til dei siste dagane har vi møtt folk som fortel at dei lærte mykje av han! For far var praktisk opplæring minst like viktig som teoretisk, og I fritida var han sjølv ein uredd tusenkunstnar. Han hadde stor kjøkkenhage, bygde hytte på Lægreid, sette opp ei åttekanta vinterisolert gamme av eigen konstruksjon, han måla og la golv og bygde murar og sette i stand hus etter kvart som Randi, Torkel og eg hoppa over reirkanten. Han sa aldri nei og gav alltid ei hjelpande hand – til barn, slekt, venner og naboar. Og han var allsidig: i bokhylla hans står bøker om teologiske spørsmål, helleristingar, gamle trehus, lyrikk frå fjerne himmelstrøk, og helsemessige fordelar med kjerringrokk og blåbær, side om side. Han var aktiv og praktisk. Laga mat, støvsugde og valsa rundt med moppen. Ikkje minst då mor tok til å få veldig dårleg syn. Etter kvart kom barnebarna, tre gonger tre i talet. Sander, Pål og Jenny først, så kom Astri, Einar Otto, Bendik og Birgit, og Torjus og Margit Eline. Huset og hagen til gommo og goffa vart eit ferieparadis for barnebarna. Dei hugsar at goffa serverte havregraut til frokost og smurde halve brødskiver til kveldsmat og alltid spurde om dei ville ha ein «halling» til. Nokre hugsar at dei fekk site i stova framfor omnen og spikke og sage med verktøyet dei hadde fått av han til jul. Dei spikka juletrepynt og snekra fly, og laga små treskeier som goffa skar mønster i og farga med kanel. Nokre fekk vere med å sveipe, eller lage knivskaft og slire –  dei skulle gjere det sjølv, slik at dei lærte. Andre hugsar tresverd og utkledningstøy, sommardagar i hagen (der han alltid var om sommaren), badeturar til Lya og fisketurar på Lægreid. Plassen var eit gjestfritt hus, og det beste mor og far visste var når alle var samla rundt bordet. Vi har gode minne om storfamilie og venner som kom på besøk. Søskenbarna på farssida, som er mange og har hatt eit sterkt samhald i alle år, la turen innom om somrane. Både kjente og kjære, og meir ukjente slektningar frå Amerika kunne dukke opp når som helst – då kom engelsk-kunnskapane vel med. Vennen Gunnar frå Nansenskolen, dei skreiv brev til kvarandre i bortimot seksti år. Og ikkje minst svigerforeldra våre som alle vart nære venner for mor og far: Svein og Åsta Isungset, Aud og Erling Torp, Edith Moi. Som pensjonist syntest far at det var godt å kunne bruke tida på det han ville. Han begynte med sveiping, og har laga hundrevis av nisteaskar, fat og tiner. Og hagen var prikkfri så lenge han (og katten) budde heime. Dei siste åra vart helsa dårlegare, og livet i Plassen vart vanskelegare. Med hjelp frå heimesjukepleien, gode naboar og mange besøk klarte dei å bu heime heilt til mor gikk bort. Då måtte far flytte til sjukeheimen. Han hadde minnesvikt, som han sa – han kunne òg seie, med eit smil, at han hadde «aktiv gløymsle». Og han høyrde dårleg, noko som gjorde han meir einsam enn han fortente. Men bortsett frå si einsamheit hadde han det ganske bra, som han uttrykte det. På sjukeheimen fekk han god og kjærleg omsorg. Og gleda ved språket, ved å skrive og å synge sangane han har kunna sidan han var ung, varte livet ut. Han var siste gong på Lægreid i sommar og i Plassen før jul, og var alltid glad for å få besøk av oss. Det siste han sa, var «hei på deg» til eitt av barnebarna som var der dagen før han døydde og fekk den siste gode klemmen. Vi har mykje å vere takksame for.  

Bestill blomster Blomster
Gi en minnegave Minnegave