Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kaller eg kjærleik -
Eg veit ikkje kva det er.
Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone,
og dirrar imellom oss.
Når du er borte av Tor Jonsson
Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kaller eg kjærleik -
Eg veit ikkje kva det er.
Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone,
og dirrar imellom oss.
Når du er borte av Tor Jonsson